Glesvær 24 -26 mars 2011.
Har hatt ei flott helg på Glesvær på Sotra i helga, i lag med Tom Haaland, Arne Haukeland, Karl Ramstad og Frode Midtun. Fekk satt line og garn fredagskvelden. Blei vel ikkje verdens største fangst, men artsmangfoldet var det ingenting å sei på. Lange, lyr, torsk, rognkjeks, rognkall, marulk, rødspette, sandflyndre, hvitting, krabbe og edderkoppkrabbe. Sistnevnte hadde ikkje undertegna vært borti før. Me hadde ein fin dag på lørdagen. Medan Frode og eg gjekk i land og renska garn og line, tok resten ein pilketur. Dei kom tilbake med 3 fine torsker. Om ettermiddagen tok me turen gjennom Goltasundet og ut i opent hav. Såg Golten uti der, men dønningane var ganske heftige for ein 17 fots båt, så me gjekk ikkje så langt ut. Blei ikkje noe fisk på den turen, men ein mektig tur alikevel. Tøft land me bur i. Satte ikkje garn og line lørdagen på grunn av værmeldingane. Noe me var glad for når me vakna søndagen og såg fjorden gjekk kvit.